Lakseforsterkningsprosjektet i Suldalslågen. Rapport frå program for kartlegging av strøm og hydrografi sommaren 1996 i samband med vandringsforsøk
Abstract
I samband med Statkraft/NINAs lakseforsterkingsprosjekt for Suldalslågen blei det gjennomført forsøk med merking og følgjing av laks i Sandefjordssystemet i Ryfylke sommeren 1996. Niva har i den sammenheng stått for supplerande hydrofysiske granskingar. Det blei gjort strømmålingar ved fangstnota, hydrografisk profilering og modell-simulering av sirkulasjonen. I tillegg er 2 scener av SAR satelittdata gjennomgått. Modellresultata indikerer ein responstid for brakkvannstransport etter oppstart av Hylen kraftverk med 100 m³/s på 18-19 timar ved utløpet av Hylsfjorden. NIVAs strømmålinger synte ein responstid i forhold til oppstart Hylen på ca 2 døgn ute ved fangstnota nord for Nævøy. Satelittbilete og også modellresultat syner ein konvergenssone ved utløpet av Hylsfjorden som kan indikere eit komplisert eller tids-variabelt strømningsmønster i dette området. Rapporten foreslår ulike metoder for oppfølgjande målinger ved framtidige laksevandringsforsøk.