E16 Tunnel Aurland - Lærdal Overvåking av vasskvalitet, botndyr og fisk i Lærdalselva og Kuvella i 1997
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/209864Utgivelsesdato
1998Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6994]
Sammendrag
Overvakinga av Kuvella og Lærdalselva har halde fram i 1997 etter same program som i 1996. Overvakingsprogrammet er iverksett for å kontrollere eventuelle påverknad av vassmiljø og fauna frå tunneldriving og deponering av sprengstein i Tynjadalen i samband med vegtunnel på E16 mellom Aurland og Lærdal. Det er gjort analyser av månadlege vassprøver frå ialt 6 prøvestasjonar i Kuvella og Lærdalselva i 1996. I tillegg er det gjort analyser av 4 vassprøver til ulike årstider frå ialt 7 drikkevassbrønnar ved Tønjum. Kvantitativ prøvetaking med Surber sampler og undersøking av botndyrfaunaen vart gjennomført for ialt 4 stasjoner i vassdraga i juni 1997. I oktober vart det gjort telling av gytefisk (sjøaure) i Kuvella. Det vart målt forbigåande forhøya verdiar av suspendert partikulært materiale og fosfor i Kuvella under vårflaum i 1997, og det er påvist auka nitrogeninnhald i drikkevassbrønner ved Tønjum. Botndyrfaunaen på dei elvestrekningane som vart handsama med rotenon våren 1997 synte små effektar av handsaminga. Heller ikkje i 1997 er det påvist endringar som tyder på opverknad frå anleggsaktiviteten i Tynjadalen. Det vart registrert ialt 6 gytefisk av sjøaure i Kuvella hausten 1996. Det låge antalet heng saman med rotenonhandsaming av vassdraget våren og hausten 1997.