Prøvefiske i 2005 i samband med kalkingsslutt i fire innsjøar i Grimstad kommune, Aust-Agder
Abstract
Gangvatnet, Hunsdalsvatnet, Tønnesølvatnet og Holvatnet i Rorevassdraget i Grimstad kommune vart prøvefiska hausten 2005 i samband med forsøksvis stopp i innsjøkalkinga. Innsjøane ligg i eit kronisk surt område. Auren forsvann før kalking, men det var att litt i Hunsdalsvatn. Også tryta forsvann (Gangvatnet hadde ikkje tryte) før kalking kom i gang frå 1985. Prøvefiske med Nordiske garn gav ein fangst i antal og vekt pr. 100 m2 garnareal på 5,2 aure/0,8 kg i Gangvatnet, 6,1 aure/0,8 kg i Hunsdalsvatnet, 2,2 aure/0, 3 kg i Tønnesølvatnet og 2,1 aure/1,0 kg i Holvatnet. Gangvatnet: Lengder 15 - 32 cm (pluss 9 cm og 37 cm), aldersgrupper 0+ - 3+ og 9+, god vekst på ungfisken og snittkondisjon på 1,08. Hunsdalsvatnet: Lengder 13 - 32 cm (pluss 7 cm), aldersgrupper 0+ - 6 + , der 2+ var svak, god vekst på ungfisken og snittkondisjon på 0,98. Avtak i kondisjonen med auka fiskelengder. Tønnesølvatnet: Lengder 15 - 34 cm, aldersgrupper 1+ - 3+ pluss 6+ og 9+, der 3+ var svak, god vekst på ungfisken og snittkondisjon på 1,01. Holvatnet: Lengder 31 - 42 cm (pluss 7 cm), aldersgrupper 0+ og 2+ - 5+ pluss 10+, usedvanleg god vekst på ung-fisken (2+ aure var 32,0 cm) og snittkondisjon på 1,08. Det var ikkje samsvar mellom svake aldersgrupper mellom innsjøane. Aluminiums- og jernverdiane på fiskegjellene var gjennomgåande låge (4-37 gAl/gram og 64-232 gFe/gram turrvekt prøvemateriale). Rekrutteringa til innsjøane skjer mest på utløpselv. Hunsdalsvatnet og Gangvatnet har truleg også rekruttering i sund i innsjøane. Rekruttering på utløp er ein fordel da vatnet har hatt eit innsjøopphald og fått utjamnande vasskjemi.
Description
Årsliste 2006