Overleving og vekst på utsett elvemusling Margaritifera margaritifera i Audna, Vest-Agder
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/214040Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [7006]
Sammendrag
Audna er ei gamal ”perleelv”, der forsuring tok knekken på dei siste elvemuslingane om lag 1950. I 1991, med kalking frå 1985, vart det sett ut 250 elvemuslingar på fire stasjonar i Audna, der 200 av dei var individmerka. Ein stor flaum 1.12.1992 førde vekk mesteparten av elvemuslingane på stasjonane 1-3. Det er gjort opptellingar av muslingane i 1992, 1993 og 1994 og registreringar i 1996, 1999, 2001 og 2007. I 1996 vart det registrert gjenfunn på 8, 32, 20 og 74% av dei utsette elvemuslingane på stasjonane 1-4. I 2007 var det gjenfunn av 18 og 68% av elvemuslingane på stasjonane 3 og 4. Sjølvetablerte og små muslingar er minst utsette for å bli førde vekk ved store flaumar. Tilveksten på elvemuslingane på stasjon 3 har vore markert betre enn på stasjon 4, truleg pga. rolegare straumtilhøve ved stasjon 3. I tidsrommet 1991-2007 var tilveksten 1,3 mm pr. år på stasjon 3 og 0,1 mm pr. år på stasjon 4. Fiskegjeller er undersøkt for glochidielarver, men med negativt resultat. Fiskegjeller av laks og aure frå våren 2007 er analysert for aluminium (Al) og jern (Fe). Resultata viste høge verdiar for både stasjon 3 og 4. Det er gjeve råd for eventuell gjeninnføring eller overføring av elvemuslingar.
Beskrivelse
Årsliste 2008