Prøvefiske i innsjøen Vegår, Aust-Agder, i 2010
Abstract
Prøvefisket i innsjøen Vegår i 2010 gav ein fangst på 15 aurer, 29 tryter og 29 krøkler. Fangst pr. arninnsats var den dårlegaste for aure og tryte og den tredje dårlegaste for krøkle sidan prøvefiske med Nordiske garn starta i 1998. Det var relativt brukbar kvalitet på auren, med god vekst. Den innsjøgytande auren ser ut til å ha ein tilsynelatande stabil rekruttering trass den låge rognoverlevinga som tidlegare er registrert på enkelte gyteplassar i strandsona. Akkumulert årsklassestyrke viser nemleg at det er berre to år som skil seg ut med svake årsklasser innanfor 1996-2007. Trytbestanden består av unge individ med god vekst og svært god kondisjon for den større fisken. Den gode veksten kjem truleg av at ho i ein viss grad et krøkle. Akkumulert aldersfordeling viser at 2004-årsklassa er ei svak årsklasse, eit år da det erfaringsmessig skulle vore ei sterk årsklasse. Også 2003-2005-årsklassene ser ut til å ha vore svake. Låg vasstand kan ha påverka årsklassestyrken, men det er usikkert. Av tilgjengeleg data på vasskjemi ser det ikkje ut til at manglande årsklasser kan knytast til forsuringsepisoder. Krøklebestanden er dominert av ei årsklasse, frå 2008. Veksten på krøklene var dårleg samanlikna med tidlegare fangstår. Akkumulert aldersfordeling viser at 2008-årsklassa er ei bra årsklasse sett i forhold til årsklassestyrken etter 1999.