Enkel overvåking av Bergesvatnet, Bømlo kommune 2002
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/211874Utgivelsesdato
2002Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6985]
Sammendrag
Målet med undersøkinga i 2002 har vore å gje ei enkel tilstandsvurdering av Bergesvatnet gjennom sommarsesongen, på bakgrunn av utvalde kjemiske og biologiske variable. Tilstandsvurderinga er gjort ut frå SFT (Statens Ureiningstilsyn) sine vasskvalitetskriterie (SFT-rettleiing 97:04. 97:04. På bakgrunn av dei variablane som vart målt i Bergesvatnet i 2002, vurderast vasskvaliteten som god (tilstandsklasse II) ut frå SFT sitt klassifiseringssystem. Det har vore ei betring i vasskvaliteten i høve til sesongen 2001, da Bergesvatnet blei plassert i tilstandsklasse III "mindre god". god". Sjølv om total biomasse av planteplankton og andel av blågrønbakteriar var relativt liten seinhaustes, blei det likevel registrert verdiar på mellom 0,5 og 3 mg microcystin/L i vassprøva frå oktober. Dette viser at det vil vera viktig for kommunen å følgje med i utviklinga av blågrønbakteriesamfunnet i Bergesvatnet. Sjølv ved relativt låge celletal, kan enkelte artar likevel produsera toksinmengder som kan utgjera ein helserisiko.
Beskrivelse
Årsliste 2002