Søk etter mogleg rekruttering av elvemusling i Audna, Vest-Agder
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/214655Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6990]
Sammendrag
Audna i Vest-Agder er ei av fleire elver på Sørlandet som tidlegare hadde ein bestand av elvemusling, og elva var kjent for perlefisket sitt. Om lag 1950 forsvann elvemuslingen i Audna på grunn av forsuring. I 1991 vart det sett ut 250 vaksne elvemuslingar på fire plassar i elva. Ein stor flaum i 1992 tok med seg mesteparten av muslingane på tre av stasjonane. På den fjerde stasjonen finst det fortsatt mange elvemuslingar. I dette prosjektet er det snorkla i elva og leitt etter mogleg rekruttering av elvemusling på sju utvalde plassar. Dei undersøkte stasjonane ligg frå Øydnes i nord til Vigmostad i sør. Det vart ikkje registrert rekruttering av den utsette elvemuslingen i Audna på dei undersøkte plassane. Dersom det er rett at det ikkje er rekruttering av elvemusling i Audna, synest ikkje grunnane til det å ha samanheng med kjemien i vassdraget, eutrofiering, regulering eller mangel på vertsfisk av aure eller laks. Ei mogleg forklaring på eventuell manglande rekruttering av elvemuslingen i Audna kan vera at det begrensa antalet muslingar som vart utsette vart spreidd for mykje i vassdraget. Den ideelle plassen for reintroduksjon av elvemuslingar ville truleg vera ei sidegrein av vassdraget med tett bestand av ungfisk, god vasskjemi og nok vatn gjennom turkeperioder om sommaren.