Sjøauren i Lærdalselva; vekstmønster og fjordvandringar før og no
Kristensen, Torstein; Urke, Henning A.; Haugen, Thrond O.; Rustadbakken, Atle; Alfredsen, Jo A.; Alfredsen, Knut; Rosseland, Bjørn O.
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/215335Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6972]
Sammendrag
Forsknings- og utgreiingsarbeid knytt til behandlingar mot Gyrodactylus salaris i Lærdalselva har framskaffa interessante data på sjøaurestamma sin biologi. Telemetristudiar av vandringsåtferd i elv og fjord er gjennomførde. Det er i tillegg innsamla skjelprøvar av all merka fisk. Samstundes eksisterar unike historiske data frå fjordsystemet. Frå byrjinga av 50- til midten av 60-talet er merke-gjenfangsstudie og skjellanalysar utførd. Vekst i ferskvatn og alder/storleik ved smoltifisering synast å ha endra seg mellom dei to periodane, med ein betre vekst og høgre alder/storleik ved første gongs sjøvandring i dag. Vandringane i sjøen er lange, og til dels lengre enn rapportert i andre studie på aure. Store delar av bestanden nyttar seg av ytre fjordstrøk og fjordmunningen som sitt marine fødeområde. Vandringsfarta kan være høg. Opphaldstida i det marine miljø er varierande, og ein ser døme på fisk som oppheld seg i sjøen i vinterhalvåret. Resultata viser at Lærdalsauren nyttar seg av store delar av fjordsystemet og kystnære strøk, og at tiltak knytt til å ivareta stamma bør omfatta vurderingar av heile Sognefjorden med tilgrensande område