Prøvefiske i fem innsjøar ved Fjorda, Oppland, før kalking
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/274180Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
- Publikasjoner fra Cristin - NIVA [2149]
Sammendrag
Fjorda i Oppland er eit område med mange delvis samanhengande innsjøar. Området er følsamt for forsuring, og fleire av innsjøane vart kalka frå byrjinga av 1990-talet. Denne rapporten omhandlar forholda for fisk før kalking. Fiskemateriale frå fleire lokalitetar med varierande forsuringsgrad (pH 4,85-5,78) frå prøvefiske i 1986, 1989 og 1990 blir rapportert her. Lokalitetane er dominert av åbor, med varierande innslag av røye, aure, sik og ørekyte. Åboren var småfallen i alle innsjøane, med vekststagnasjon mellom 15 og 20 cm. Aldersanalysane viste at det var varierande aldersstrukturar, men ingen av dei synest å kunne knytast til forsuring. Røya i Hauken hadde ein vekststagnasjon mellom 25 og 30 cm lengde. Dei få sikane som vart fanga i Hauken var til dels svært gamle. Den eldste siken tilhøyrde aldersgruppe 38+, og var med andre ord fødd i 1952! Elles vart det fanga svært lite sik. Det var også svært sparsom fangst av aure. Berre i Bjørnsjøen vart det fanga meir enn 5 stk. (N = 16), som var frå 18-31 cm lange.
Beskrivelse
-