Gransking av vassutskiftinga i Måløy hamn og ved Raudeberg
Abstract
Vågsøy kommune gjennomfører plan for regulering av kloakkutslepp særleg for Måløy sentrum og Raudeberg, som i dag har mange uregulerte og spreidde utslepp til dei nærliggande resipientane. Fiskeverksemdene nyttar resipientvatn til reingjering og andre formål. Vurdering av denne fellesbruken av resipientane står sentralt i foreliggande rapport, som m.a. angir optimal plassering av inntak og utslepp. Basis for vurderingane er eit omfattende måleprogram som blei utført i perioden april 1992- mars 1993. Målingane omfatta hydrografi, oksygen og bakteriologi, samt strøm. Målingane avdekka tydelege teikn til resipientpåverknad i Måløy, til tross for markert strøm. Framtidige kloakkutslepp vil kunne gi overflatepåverknad til tider av året. Utsleppsdjup på 25 meter eller evt. litt grunnare tilseier at vassinntak ikkje må leggast grunnare enn 18-20 meter.