Resipientgransking i Lurefjorden
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/208589Utgivelsesdato
1995Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
I samband med utslepp av sigevann frå Kjevikdalen avfallsplass er det gjort ei resipientgransking med stasjonar i Lurefjorden, Kråkeosen og Kjevika. Granskinga omfattar gransking av botnsediment, organismar i strandsona og modell-berekningar av utsleppet frå sigevassleidningen. Målsetjinga var å gje ein status for miljøforholda i 1995 og sjå på endringar sidan siste gransking i 1989. Forholda i sedimentet var spesielt dårlege ved munningen av Kjevika der sigevatnet blir sloppe ut, med ei klar forverring på dei seks siste åra. Ei viss forverring kunne også sporast i Kråkeosen. Der var ingen klare teikn på forandring i Lurefjorden eller innerst i Kjevika. Blåskjell fra munningen av Kjevika inneheldt akkumulerte oljehydrokarbonar. Berekningar viste at sigevatnet for det meste vil bli innlagra utan å nå til overflata. Influensområdet for sigevatn- utsleppet vil oftast liggje innanfor ein avstand på 500-1000 m frå utsleppspunktet.