E6. Tunnel Aurland - Lærdal. Overvåking av vasskvalitet, botndyr og fisk i Lærdalselva og Kuvella i 1996
Abstract
Dette overvåkingsprogrammet er iverksett for å kontrollere eventuell påverknad av vassmiljø og fauna frå tunneldriving og deponering av sprengstein i Tynjadalen i samband med vegtunnelen på E16 mellom Aurland og Lærdal. Det er gjort analyser av månadlege vassprøver frå alt 6 prøvestasjoner i Kuvella og Lærdalselva i 1996. I tillegg er det gjort analyser av 4 vassprøver til ulike årstider frå ialt 7 drikkevannsbrønnar ved Tønjum. Kvantitativ prøvetaking med surber sampler og undersøking av botndyrfaunaen vart gjennomført for ialt 4 stasjoner i vassdraga i juni 1996. I oktober vart det samla inn eit referansemateriale av gjelleprøver av sjøaure- og laksunger v.h.a. elektrisk fiskeapparat, og det vart gjort telling av gytefisk (sjøaure) i Kuvella. Det vart målt forbigående verdier av suspendert partikulært materiale og fosfor i Kuvella under vårflaumen i 1996. Det er ikkje påvist nokon form for påverknad frå aktiviteten i Tynjadalen på vasskvaliteten i brønnane ved Tønjum. Botndyrfaunaen på dei elvestrekningane som kan tenkjast å bli påverka av anleggsaktiviteten viser endringer i 1996 samanlikna med tidligare år. Endringane er likevel ikkje meir markerte enn at dei kan forklarast ut frå naturleg variasjon. Det vart registrert ialt 51 gytefisk av sjøaure i Kuvella hausten 1996.