Tap og rekolonisering av ulike fiskearter i Herefossfjorden, Tovdalsvassdraget, i perioden 1970-1996
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/209542Utgivelsesdato
1997Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
I Tovdalsvassdraget har forsuring gjort seg markert gjeldande. I Herefossfjorden varierte gjennomsnittlig pH frå 4,9 til 5,1 mellom 1985 og 1991. Lagesild og tryte forsvann ca. 1975 og sik ca 1985, medan aure har overlevd. Ein viss betring i vasskjemien har gjort at tryta tok til å etablere seg på nytt ca. 1985. Innsjøen vart prøvefiska 3. august 1991 med fire utvida Jensen-seriar. Formålet var å få eit referansegrunnlag før fullkalking av vassdraget kom i gang. På prøvefisket i 1991 vart det i alt fanga 30 aure, 28 bekkerøyer og 20 tryter (åbor, skjebbe). Auren som vart fanga var ung, aldersgruppe 1+ og 2+, med ein eldre på 6+. Det var god vekst på auren. Kondisjonen var god, med gjennomsnitt på 1,11. Bekkerøya var også ung, med fisk i aldersgruppene 1+ - 3+. Veksten var svært god dei to fyrste åra. Kondisjonen var svært god, med eit gjennomsnitt på 1,49. Det var også ung tryte, dominert av aldersgruppe 2+, men også innslag av 3+. Den store andelen bekkerøye og kun to aldersgrupper i trytebestanden viser at Herefossfjorden fortsatt var markert påvirka av forsuring i 1991. Sik vart fanga i Herefossfjorden i 1996. Både siken og tryta har sannsynlevis vandra ned frå den mindre sure Gauslåfjorden.