Fiskebiologiske effektar av kalking i 50 innsjøar (Fishery effects of liming in 50 lakes)
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/209651Utgivelsesdato
1997Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6990]
Sammendrag
Det er gjennomført prøvefiske i 50 kalkingslokalitetar i 11 fylker. Kalkingseffekten er vurdert skjønnsmessig etter ein skala på 4 kategoriar med "ingen data/ingen effekt" (0), "moderat effekt" (1), "god effekt" (2) og "svært god effekt" (3). I alt 10 fiskeartar vart fanga på prøvefiske. Aure og åbor var dei dominerande artane med fangst av henholdsvis 2.546 og 4.901 fisk. Totalt vart det fanga 7.921 fisk. Samla, skjønnsmessig vurdering av både fisk og vasskjemi (pH) viser at det mangla vurderingsgrunnlag i 5 innsjøar. Der det var vurderingsgrunnlag var effekten moderat i 6 innsjøar, god i 27 innsjøar og svært god i 12 innsjøar. Kalkingseffekten på aure var best i Oppland og eit par innsjøar i Buskerud og i Aust-Agder. Kalkingseffekten på åbor var best på Sørlandet. Best total vurdering fekk også innsjøane på Sørlandet. Det er tilrådd ei meir systematisk innsamling av kjemidata og ei grundigare vurdering av kalkingsprosjekta før innsjøkalking blir sett i gang.