Resipientgransking i Lurefjorden 1998
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/210400Utgivelsesdato
1999Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
I samband med utslepp av sigevatn og overflatevatn frå Kjevikdalen avfallsplass, er det gjort ei resipientgransking i nærområdet for utsleppa med stasjonar i Lurefjorden, Kråkeosen og Kjevika. Granskinga omfattar blautbotn og miljøgifter i sediment og orgainsmar. Dei hydrografiske forholda i Lurefjorden og Radsundet er og undersøkt. Målsetjinga var å gje ein status for miljøforholda i 1998 og sjå på endringar sidan siste gransking i 1995. Det vart ikkje funne kritisk låge oksygenverdiar i Lurefjorden, men i Radsundet var oksygennivået svært lågt med 2,2 ml oksygen/l i djupvatnet i november 1998. Sedimentet på dei to stasjonane nær munninga av sigevassleidningen viste tendens til nedgang i organisk innhald og den negative trenden som vart påvist i 1995, syntes å ha stoppa opp. Botndyra var påverka av sigevassutsleppet på stasjonen like ved utsleppspunktet, men artsførekomstane tyder på ei betring av tilhøva med omsyn på ureining av organisk materiale. I Kråkeosen ca. 500 m frå utsleppspunktet var botnfaunaen naturleg og normalt artsrik. Sedimentet på alle dei undersøkte stasjonane var monaleg ureina av PAH. PCB fanst i konsentrasjonar over bakgrunnsnivå på stasjonen nærast munningen av sigevassleidningen. Det var og til dels monalege førekomstar av tungmetall i sedimentet. Analysar av organismar tyder på at utsleppa fra avfallsplassen bidreg til overkonsentrasjonar av benzo(a)pyren og andre PAH, krom, PCB og moglegvis kopar i nokre av dei undersøkte organismane.