STAD SKIPSTUNNEL. Forprosjekt, Miljø Tema: Vassureining og Marinbiologi
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/211035Utgivelsesdato
2000Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6985]
Sammendrag
Kystverket arbeider med eit forprosjekt for bygging av ein skipstunnel gjennom Stad mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Selje kommune. I samband med dette har NIVA vurdert moglege konsekvensar for vasskvalitet og marin biologi på kort- og lang sikt. Grunnlaget for vurderingane er konsekvensutgreiinga frå 1988 for dåverande tunnelalternativ samt tal og innspel frå nye del-rapportar. Det blir konkludert med at vassutskiftinga i Moldefjorden kan bli litt forbetra i øvre lag, men neppe målbart endra i djupvatnet, og at dei langsiktige miljøeffektane av tunnelen totalt sett ikkje blir store. Auka båttrafikk og utslepp derfrå kan gi nokre ugunstige verknader i pelagialen og for fastsitjande organismar samt for havbruk. Artsmigrasjon gjennom tunnelen vil kunne tilføre fjordane nye artar raskare enn ved normal innvandring. Særskilte tiltak i anleggsperioden bør vurderast for å redusere moglege effektar då.
Beskrivelse
Årsliste 2000