Utslepp frå Holen og Ytre Sandviken Renseanlegg i Bergen Kartlegging av spreiing av avlaupsvatnet
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/212305Utgivelsesdato
2004Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
Rapporten omhandlar resultat frå fem forsøk med dosering av sporstoff i avlaupa frå h.h.v. Holen RA og Ytre Sandviken RA med samtidig måling i fjorden. Dette gjekk føre seg i perioden mars-oktober 2003. Formålet med desse forsøka var å verifisere spreiingsmønsteret for utsleppa og å sjå om der evt kunne vere samverknad melom dei. Resultata synte at utsleppa i det alt vesentlegate innlagrar seg i djup mellom 15 og 25 m men at små fraksjonar av utsleppa til tider kan sporast på overflata. Det målte innlagringsdjupet harmonerer bra med teoretiske berekningar utført i design-perioden. Ved Fagerneset (utsleppspunkt for Ytre Sandviken) spreier avlaupsvatnet seg for det meste nordover, og kunne lett sporast 3-4 km frå utsleppspunktet. Ved Lyreneset (utslepp frå Holen RA) er dominerande spreiingsretning mot NW, d.v.s. retning ut fjorden. Tidvis blei det observert høge konsentrasjonar av sporstoff inne i Simonsviken. Ved to høve blei det funne restar av sporstoff i Byfjorden frå doseringa dagen før, og ved eit høve fann vi restar av sporstoff frå Holen ved Fagerneset. Dette indikerer at utsleppa samverkar av og til, men at dette ikkje gjenspeglar middeltilstanden.
Beskrivelse
Årsliste 2004