Fiskebestandane i Syndle og Vigelandsvatn, Aust-Agder - frå sterkt forsuringskadde til tette bestander etter kalking
Abstract
Innsjøane Syndle (6,04 km²) og Vigelandsvatn (1,56 km²) ligg i det forsura Rorevassdraget i Grimstad i Aust-Agder. Forsuring medførte at mange fiskebestandar i vassdraget døde ut på 1960- og 1970-tallet. Kalking frå 1985 har heva pH-verdiane i vassdraget opp mot eller over pH 6,0 og det har ført til reetablering av fleire fiskebestandar i seinare år. Syndle er prøvefiska i 1991, 1994 og 1999. På prøvefisket i 1999 vart det fanga 445 tryter, 1 sik og 2 gjedder. Tryta var i aldersgruppene 0+ - 7+. Veksten stagnerte i underkant av 20 cm. Frå 1994 til 1999 minka veksten hhv. 1,4, 2,6, 4,7 og 7,0 cm for kvar av dei fire fyrste åra. Som følgje av kalkinga auka fangst pr. innsats frå 0,5 tryte i 1991 til 41,2 i 1994 og 48,2 i 1999. Vigelandsvatn er prøvefiska i 1991, 1995 og 2000. Fangsten på prøvefisket i 2000 var 32 aure og 314 tryter. Det var aure i aldersgruppene 1+, 3+ og 6+. Veksten var ganske god, og låg på same nivået som i 1991. Under prøvefisket i 1995 var veksten derimot markert dårlegare enn i 1991 og 2000. Fangst pr. innsats av aure gjekk ned, frå 6,0 i 1991, til 4,1 i 1995 og 3,6 i 2000. I Vigelandsvatn vart det gjennomført uttynningsfiske i 1998-2002, i 1998-2000 med garn og teiner, og i 2001-2002 med storruse. Det vart tatt ut hhv. 88,8 kg, 635,7 kg og 105,0 kg fisk i 1998-2000, tilsvarande 0,57, 4,08 og 0,67 kg/ha/år. I storrusa vart det i 2001-2002 tatt ut 355,0 kg og 374,2 kg, eller 2,28 og 2,40 kg/ha/år. Tryte i aldersgruppe 1+ hadde 2,5 cm betre vekst i Vigelandsvatn i forhold til i Syndle. Ei sannsynleg forklaring er at utfiskinga i 1998-2002 har hatt ein positiv effekt på fisken i Vigelandsvatnet. For å få ein god vekstrespons på fisken i Vigelandsvatn trengst det anslagsvis eit uttak på 1-2 kg/ha/år av aure og 2-3 kg/ha/år av tryte.
Description
Årsliste 2004