Sporstoff-forsøk ved hovedutsleppet fra Statoils raffineri på Mongstad
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/213079Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6972]
Sammendrag
Rapporten omhandlar forsøk med dosering av sporstoff i avløpet for prosessvatn frå Statoils raffineri på Mongstad. Det blei utført forsøk i to runder, h.h.v. 14. – 15. mars og 27. – 28. juni 2005. Forsøka ga klar deteksjon av utsleppsplumen over og rundt diffusoren som ligg mellom 50 og 55 m djup. I mars blei utsleppsskya detektert frå ca 40 m og opp til ca 28 m djup, og ingen spor i grunnare sjikt. Skya kunne då følgast i vestlig retning over ein km frå diffusoren. I juni blei stoff detektert mellom 30 og 40 m djup. Under desse forsøka var det ein tydeleg lekkasje på røret inne ved land, der sporstoff var klart synlig på sjøoverflata. Resultata frå junitokta m.h.t. spreiing/fortynning ved diffusoren kan dermed representere ein situasjon med litt (20%) mindre fluks enn normalt. 15. mars blei det også utført ein kontroll av avløpsrøyret med ROV. Ingen lekkasje blei spora på det tidspunktet.
Beskrivelse
Årsliste 2006