Nytt kommunalt utsplepp til Årdalsfjorden. Målingar ved elvemunningen januar-april 2009
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/214507Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
Samandrag Årdal kommune skal etablere avlaup til Årdalsfjorden frå nytt renseanlegg i Øvre Årdal. Anlegget vert dimensjonert for 5000 pe, resp. 55 l/sek. Avlaupsleidningen er førebels vurdert lagt ut langs elva til området i fjorden litt nordvest (til høgre) for munningen av Hæreidselva der det er ca 40 m djupt. Det er prinsippielle spørsmål knytt til å legge avlaup såpass nær elvemunningen, og føresetnaden er at utsleppet ikkje påverkar vatnet i munningen eller oppover i elva. NIVA gjennomførte i denne samanheng eit måleprogram i fjorden vinteren 2009 i samarbeid med kommunen. Programmet bestod av hydrografisk profilering og strømmåling. Rapporten omhandlar måleresultata og vurderingar kring det framtidige utsleppet, med modellsimuleringar for ulike scenariar. Det er konkludert med at ved å legge avlaupet til 40 m djup vil risikoen for påverknad av elvevatnet vere minimal. Situasjonar med ein viss risko er knytt til når det er svak sjikting i fjorden kombinert med at elva veks opp, d.v.s. overgang frå tørrver/kulde til flomsituasjonar. Dette er kortvarige perioder som pågår inntil det er bygd opp tilstrekkeleg sjikting i fjorden til å presse utsleppsvatnet djupare.