Prøvefiske i innsjøen Vegår, Aust-Agder, i 2008
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/214679Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
Prøvefisket i innsjøen Vegår i 2008 resulterte i ein fangst på 64 aurer, 164 tryter og 27 krøkler. Det var brukbar kvalitet på auren. Dei større trytene hadde ein fin kvalitet. Rekna som fangst pr. innsats var det eit godt fangstår for aure og middels for tryte, men langt under middels for krøkla. Den innsjøgytande auren i Vegår ser ut til å ha ein tilsynelatande stabil rekruttering trass den låge rognoverlevinga som er registrert på enkelte gyteplassar i strandsona. Når det gjeld tryta har ho ein ung bestand med god vekst og kondisjon. Akkumulert aldersfordeling frå dei siste tre prøvefiska viser at 2004-årsklassa til tryta er svak. Lokale fiskarar opplyser at trytebestanden har minka dei siste åra, uvisst av kva grunn. Veksten på tryta er god, noko som truleg kjem av at tryta i ein viss grad et krøkle. Innslaget av krøkle i dietten til tryta er meir hyppig enn hjå auren. Krøkla har hatt ein jamn årleg rekruttering tidligere, men med data frå fleire prøvefiske viser det seg at 2001-2003-årsklassene ser ut til å ha vore svake. Fangst pr. garninnsats i tidsrommet 1998-2008 har gått svakt opp fore aure og tydelig ned for tryte og krøkle.