Utvandringstidspunkt og marin åtferd hjå smolt frå Lærdalselva
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/215106Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6990]
Sammendrag
Kartlegging av utvandringstidspunkt og marin åtferd hjå smolt av villaks, klekkeriprodusert laks og vill aure frå Lærdalselva vart undersøkt ved hjelp av akustisk telemetri. Av dei 40 fiskane som vart merka frå kvar gruppe vart 34 villaks, 31 klekkerifisk og 21 aure registrert i sjø. Sjølv om studien er basert på få individ av kvar gruppe, fanga ein opp ulike utvandringstoppar hjå smolten. I 2009 var vassføring den utløysande faktoren for utvandringa. Klekkeriprodusert laksesmolt hadde eit likt utvandringsforløp som vill laksesmolt. Klekkeriprodusert fisk vandrar ikkje berre på same dato som villfisk, han syner også same mønster i høve til vandringstid på døgeret. Både klekkerismolt og laksesmolt har relativt kort opphaldstid i utløpsområdet, og begge grupper av fisk søkjer seg raskt utover mot kysten. Auresmolten har ikkje den same retningsbestemte forflyttinga mot utløpet av fjorden som laksesmolten og ein stor del av auresmoltane vart registrert på lyttebøyene både i Årdals- og Lusterfjorden. Det er ikkje registrert auresmolt lenger ute enn til Balestrand-Vangsnes, men dette kan også skuldast mykje mindre tettleik av lyttebøyer i midtre og ytre del enn kva som er tilfellet i indre del av fjorden. Studiet indikerer at laksesmolten bruker omlag 14 dagar på å komme seg ut av Sognefjorden, noko som tilseier at hovudmengda av laksesmolt passerte ytre del av fjordsystemet i perioden medio mai til medio juni i 2009.