Biologiske undersøkingar i Øvstevatnet og Langvatnet, Flå i Buskerud, i 2009 og 2010
Abstract
Øvstevatnet og Langvatnet i Flå i Buskerud er prøvefiska og prøver av dyreplanktontrekk er analysert i samband med kalking. Det er prøvefiska med utvida Jensen-serie. I Øvstevatnet vart det fanga 32 aure og 73 åbor i 2009. Fangst pr. innsats: 8,5 aure og 19,5 åbor. Veksten var moderat. I Langvatnet vart det fanga 26 aure og 122 åbor i 2010. Fangst pr. innsats: 6,1 aure og 32,1 åbor. Veksten var moderat. Både auren og åboren voks best i Langvatnet. Størst forskjell var det for åboren, men forskjellane var ikkje signifikante. Både Øvstevatnet og Langvatnet hadde planktonsamfunn som er nokså typisk for litt humøse skogsjøar i innlandet, med innslag av artar som er kjenslege for forsuring. Ut frå samansetjinga av arter hadde Langvatnet noko betre vasskvalitet. Planktonprøvane tyder og på noko sterkare beiting frå fisk i Langvatnet enn i Øvstevatnet.