Kapasitet for fiskeoppdrett i Skogsvågen og i fjordområdet kring Toftarøy på Sotra
Abstract
Denne vurderinga av kapasitet for fiskeoppdrett i fjordområda kring Toftarøy i Sund og Skogsvågen i Sund og Fjell kommunar er basert på data om hydrografi, vasskvalitet og vassutskifting, algesamfunna i strandsona og om sedimentkvaliteten i fjordbassenga. Ved å nytta eksisterande kunnskap om belastning frå fiskeoppdrett i merder i sjøen er det gjordt berekningar av kva desse fjordområda kan tola av belastning frå fiskeoppdrett utan at dette fører til varige skader for miljøet. Rapporten konkluderer med at framtidig utbygging for fiskeoppdrett bør knyttast til området på vestsida av Toftarøy, i Austefjorden sør for Steinsland og i ytre deler av Skogsvågen. I drøftinga av storleiken på den potensielle oppdrettsaktiviteten er det og teke omsyn til anleggsstorleik og minsteavstand mellom naboanlegg, sett i samanheng med resipientkapasiteten.