Gransking av marine resipientar i Tysnes 1992-1993
Abstract
I perioden oktober 1992 - november 1993 gjennomførte NIVA gransking av hovedresipientane Tysnesvika, Humlevika og Gripnesvågen samt tilstøytande sjøområde. Programmet innbefatta månadleg måling av hydrografi og oksygen, samt strømmåling i Humlevika. Resultata synte at tilhøva i Tysnesvika var betre enn tidlegare. Humlevika har mindre gode tilhøve, men det er ikkje venta negative effekter av å overføre avløp frå Lunde hit. Gripnesvågen hadde H2S i djupvannet, og fall dårlegast ut i granskinga. Også Gjersvika hadde dårlege tilhøve, og konkrete tiltak for å betre vasskvaliteten bør vurderast for begge desse resipientane.