Riksveg 60 Kjøsapollen i Hornindal. Vurdering av kulvert og vassutskifting
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/209336Utgivelsesdato
1997Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6992]
Sammendrag
Kjøsapollen er ein liten ferskvannsresipient som har samband med Hornindalsvatnet i Nordfjord gjennom ein kulvert i ei relativt ny 120 m lang vegfylling. Åpningen i kulvert er 8x2 m. Vassprøver som er tekne dei senare åra syner at vasskvaliteten i Kjøsapollen tidvis er redusert, og tenderer mot SFTs tilstandsklasse "Mindre god" eller "Nokså dårlig". På oppdrag frå Statens vegvesen, Sogn og Fjordane, har NIVA foretatt målingar av strøm og vasstand i pollen, samt utført innleiande modellering av vass-sirkulasjon for å studere kva effekt vegfyllinga har på utskiftinga. Målingane synte at vatn strøymer inn i pollen frå Hornindalsvatnet i om lag 20 % av tida, delvis på grunn av periodiske svinginger i Hornindalsvatnet. Modellerings syner tendens til ei bakevje på sørsida innafor fyllinga, og at evt. ny opning i fyllinga vil ha størst positiv effekt der. Det er tilrådd å analysere tilførslene til pollen grundigere både frå lokale kjelder og gjennom Storelva før ein set i verk omfattende tiltak for vegfyllinga.