Kalkingsresponsar på ulike fiskeartar i Vestre og Austre Grimevatn, Lillesand, og historia om lagesilda (Coregonus albula) på Sørlandet
Abstract
Vestre og Austre Grimevatn i Lillesand var forsura i ulik grad, med ein pH på ca. 5,2 i Vestre Grimevatn og ca. 4,8 i Austre Grimevatn før kalking. Det har foregått skjelsand- og innsjøkalking i vassdraget. Det var aure, røye, lagesild, tryte og stingsild i innsjøane, men A. Grimevatn var fisketomt i 1989. Bekkerøye finst i vassdraget. Rapporten omhandlar prøvefiske (botn- og flytegarn) frå 1989-1995. Fangsten pr. garnserie (botngarn) viser kalkingsresponsar. I V. Grimevatn varierte aurefangsten frå 27,0 til 32,3, med høgaste fangst i 1992. Trytefangsten auka kraftig frå 1989-1995 (1,0 i 1989, 38,0 i 1992 og 295,5 i 1995). I A. Grimevatn auka aurefangsten frå O i 1989 til 7,0 i 1995 og trytefangsten frå 0,3 til 295,5 samtidig. Lagesilda kom inn i flytegarnsfangstane i V. Grimevatn i 1992. Gytefiske etter lagesild i 1990 viste ei brei aldersfordeling og omslag i veksten etter innsjøkalkinga i 1989. I V. Grimevatn beita auren og særlig tryta på stingsild i 1992. Det resulterte i svært god vekst, særlig for tryta. I 1995 var veksten redusert, p.g.a. at stingsilda var nedbeita. Det var også svært god vekst på tryta i A. Grimevatn i 1995. Stingsilda responderte svært raskt på kalkinga i båe innsjøane. Lagesilda har trulig funnest i vassdraget i alle fall i 150 år.
Description
Årsliste 1999