E16, Tunnel Aurland -Lærdal Overvåking av vasskvalitet, botndyr og fisk i Lærdalselva og Kuvella i 1998
Abstract
Overvakinga av Kuvella og Lærdalselva har halde fram i 1998 etter same program som i 1997. Overvakingsprogrammet er iverksett for å kontrollera eventuell påverknad av vassmiljø og fauna frå tunneldriving og deponering av sprengstein i Tynjadalen i samband med vegtunnelen på E16 mellom Aurland og Lærdal. Det er gjort analyser av månedlege vassprøver frå i alt 6 prøvestasjonar i Kuvella og Lærdalselva. I tillegg er det gjort analysar av 4 vassprøver til ulike årstider frå ialt 7 drikkevassbrønner ved Tønjum. Kvanititativ prøvetaking med surber sampler og undersøking av botndyrfaunaen vart gjennomført for ialt 4 stasjoner i vassdraga i juni 1998. I oktober vart det gjort teljing av gytefisk (sjøaure) i Kuvella. Det er målt høgare verdier av nitrogen i Kuvella og i drikkevassbrønnar på Tønjum i 1997 og -98, samanlikna med registreringar før anleggsarbeidet starta. Botndyrfaunaen på dei elvestrekningane som vart handsama med rotenon våren 1997 synte små effekter av handsaminga. Heller ikkje i 1998 er det påvist endringar i botndyrfaunaen som tyder på påverknad frå anleggsaktiviteten i Tynjadalen. Det vart registrert ialt 12 gytefisk av sjøaure i Kuvella hausten 1998, dvs. dobbelt så mange som året før. Talet er likevel lågt, og skuldast trulig rotenonhandsaminga av vassdraget våren og hausten 1997.