Strøm på havbrukslokalitetar Måling med akustisk Doppler instrument og tradisjonelle metodar
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/210616Utgivelsesdato
1999Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [7006]
Sammendrag
I januar 1999 vart det gjennomført målingar i sjøen med ein ny akustisk Doppler profilerande strømmålar (ADP) på ein lokalitet i Bømlo. Samstundes blei det målt med tre konvensjonelle rotorinstrument. ADPen målte strømmen kontinuerleg i 32 djupnesjikt frå overflata til botn. ADPen målte sterkast strøm, mens SD6000 målte svakast. Rapporten peikar på moglege årsaker til avvika. Ulike måleprinsipp og det at instrumenta ikkje stod i eksakt samme posisjon og hadde ulik avstand frå anlegget er deler av forklaringa. Både i fjordane og på kysten kan det vere kompliserte strømforhold med lagdeling m.m. ADP instrument er langt meir effektive enn konvensjonelle metodar når det gjeld kartlegging og dokumentasjon av slike tilhøve og kan også hjelpe til å kartleggje negative faktorar som fôrspill, algar, plankton og lakselus. Havbruksnæringa bør i større grad ta den nye teknologien i bruk, både til eingongs kartlegging og til sanntids overvaking av strømmen for optimal drift og tryggleik.
Beskrivelse
Årsliste 2000