E16 Tunnel Aurland - Lærdal Registrering og overvåking av vasskvalitet, botndyr og fisk i Lærdalselva og Kuvella frå 1994 til 2000
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/211360Utgivelsesdato
2001Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [7012]
Sammendrag
Overvåking av Kuvella og Lærdalselva har pågått frå 1996 til 2000 for å kontrollera eventuell påverknad av vassmiljø og fauna i samband med bygging av vegtunnel på E16 Lærdal-Aurland og tunneldriving og deponering av sprengstein i Tynjadalen. Det er gjort månadlege analyser av vassprøver frå Kuvella og Lærdalselva, og kvartalsvise analyser av vassprøver frå brønner ved Tønjum. Kvantitative botnedyrprøver er samla inn ein gong i året (mai/juni) på 2 stasjoner i Kuvella og to stasjonar i Lærdalselva. Vidare er det utført teljing av gytefisk (sjøaure) i Kuvella kvar haust. Det er registrert markert auke i suspendert finstoff og fosfor i samband med flaumer i vassdraga, men konsentrasjonane har vore innanfor det normale for vassdraga. På låg vassføring er det registrert markert auka nitrogenverdiar i Kuvella, i hovudsak med opphav i sprengstoffrestar drens- og driftsvatn frå tunnelen. Botndyrsamansetnaden på stasjonen i Lærdalselva nedstraums Kuvella er signifikant endra. Årsaka kan vera sedimentert finstoff. Nedgang i gytebestanden i Kuvella er registrert etter 1997. Dette er neppe årsaka av anleggsverksemda, men av rotenonhandsaminga av Lærdalselva i 1997 med sikte på å bekjempa lakseparasitten Gyrodactylus salaris.
Beskrivelse
Årsliste 2001