Miljøvurdering av omsøkt kamskjellokalitet ved Hestholmen - Bjorøy i Fjell kommune
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/212168Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NIVA-rapporter [6972]
Sammendrag
Det er planlagt etablert eit anlegg for oppdrett av kamskjel i hengekultur på ein lokalitet mellom Hestholmen og Hillersholmen sør for Bjorøy. NIVA har i den samanheng foretatt miljøregistreringar på lokaliteten og gjennomgått miljøstatus for øvrig for området rundt. Det synest ikkje vere forureiningskjelder i nærleiken som kan påverke vasskvaliteten på lokaliteten negativt, med atterhald for utsleppet frå Sletten renseanlegg 5 km unna, som er rapportert å kunne innehalde miljøgifter. P.g.a. avstanden er målbar påverknad på lokaliteten imidlertid lite sannsynleg. Det er tilrådd oppfølgjande kontroll under drift for å stadfeste dette. Botnprøvene synte gode tilhøve, med grov skjellsand på toppen. Det er god strøm på lokaliteten, målingane i mai 2003 synte 14 cm/s i middelverdi, og maksimal strøm på 34 cm/s. Miljøkrav for god vekst av kamskjel er gjennomgått i rapporten, og det er konkludert med at lokaliteten i høve til dette er godt eigna for oppdrett av kamskjel i hengekultur.
Beskrivelse
Årsliste 2003