Flesland og Kverneviken RA i Bergen. Kartlegging av spreiing av avlaupsvatn i sjøen
Abstract
Rapporten omhandlar resultat frå forsøk med dosering av sporstoff i avlaupa frå Flesland RA og Kverneviken RA i Bergen, kopla med samtidig detektering ute i resipienten. Forsøka gjekk føre seg i perioden juni-desember, 2005. I tillegg vart det gjort strømmåling på begge lokalitetane med profilerande Dopper målar. Resultata syner at utsleppa ved alle tilfella innlagra seg i 8-10 m djup eller djupare, og at utsleppsarrangementa m.o.t. innlagring såleis fungerer etter hensikta. Utsleppsvatnet blei raskt fortynna nedstrøms 1,000 gonger eller meir i høve til konsentrasjonen ut frå diffusor. Typisk fortynning var større enn 105 i avstand på 250 m frå utsleppa, og større enn 106 i 500 m avstand. Influensområdet for utsleppa er vurdert til max. 1 km utstrekning, for begge i nordleg retning; mot sør er influensområda mindre. Det er konkludert med at utsleppet frå Flesland RA ikkje påverkar Byfjorden målbart, mens ein del (25-30%) av utsleppet frå Kverneviken RA kan påverke Byfjorden m.o.t. eutrofiering.
Description
Årsliste 2007