Forprosjekt ny Loftenesbru, Sogndal. Konsekvensvurdering for vasskvalitet i Barsnesfjorden ved endra utfylling i fjordmunningen
Abstract
Statens vegvesen vurderer å starte planlegging av ny bru over munningen av Barsnesfjorden ved Sogndal. Alternativa inkluderer ny steinfylling frå aust, evt også frå vest, kombinert med bruspenn. Barsnesfjorden er ein terskelfjord med dårleg utskifting av djupvatnet. Tidvis oksygensvinn inneber at fjorden kan vere sårbar for nye tilførsler eller andre inngrep. Eksisterande marine data for Barsnesfjorden er gjennomgått og miljøstatusen omtalt. På bakgrunn av dette er det så utført modellsimuleringar for nokre skisserte fyllingslengder. Ved lengste fyllingsalternativ vil strømfarten i munningen på det sterkaste bli rundt 2 m/s. Ei lang fylling frå Loftesnes-sida vil skape bakevjer på begge sider nær fyllinga som til tider kan strekkje seg fleire 100 m nedstrøms. Oksygentilhøva i djupvatnet kan bli betre ved auka utfylling og innsnevring av munningen. Opphaldstida for det øvste laget kan kome til å auke markert med redusert munningstverrsnitt, til dobling ved lengste fyllingsalternativ i høve til i dag. Lenger fylling enn i dag vil kunne føre til auka islegging i Barsnesfjorden, men er ikkje forventa å gje merkbart negative effekter i Årøyelvdeltaet.
Description
Årsliste 2003