Nytt avlaup til sjø frå Eide Rensestasjon
Abstract
I 2005 etablerte Sund VA nytt renseanlegg for kloakk på Eide, og nytt avlaup derfrå til nordre delen av Austefjorden, ved Nygaardsneset, med utslepp på vel 30 m djup. Før gjekk utsleppet ut i Eidespollen. I samanheng med dette foretok NIVA ein del målingar og vurderingar i 2004, i forkant av ny-etablering av utslepp. Dette vart så supplert med prøvetaking sommaren 2006, for å prøve finne eventuelle effektar av flyttinga i sjøen. Resultata tyder på at tilhøva inne i Eidespollen er blitt forbetra etter flytting av utsleppet. Det nye utsleppet ser ut til å innlagre seg godt under spangsjiktet, som forutsett. Der kan vere ein viss negativ effekt på djupvasskvaliteten nær utsleppspunktet men verdiane for næringssalt og oksygen er ikkje urovekkjande.
Description
Årsliste 2006